Vipa – Kamp og kurtise i kulturmarka


Gaute Grønstøl

350,00 kr

Vipa er Jærens nasjonalfugl og er ein karakterart for kulturmarka som mange er glad i. I denne kaffebordsboka ber det ut på vipemarkene der vi følger vipene på nært hald gjennom hekkesesongen.

Boka tar for seg vipa sitt levesett, hekkebiologi, krav til hekkeområde, bestandsnedgang, truslar og skjøtselstilrådingar, med eit særskilt fokus på åtferd og sosiale intrigar kopla til makeval, foreldreomsorg, fleirkoneri, utruskap og konkurranse om hekkeressursar.

Forskinga oppsummert i boka er popularisert og presentert saman med anekdotar og skildringar frå feltarbeid på vipemarka. Boka er illustrert med 138 foto, og teksten er lettlest og forståeleg sjølv om ein ikkje har bakgrunn innan ornitologi og biologi.

Gaute Grønstøl (f. 1968) studerte biologi ved Universitetet i Bergen. I 1994 tok han hovudfagseksamen i zoologisk økologi med ei oppgåve om viper. I 2001 disputerte han med ei doktoravhandling på åtferd hos vipe. Frå 2003 til 2006 jobba han på eit forskingsprosjekt på åtferd hos vipe ved Konrad Lorenz Institute of Ethology ved Det austerrikske vitskapsakademiet i Wien. Han har mykje felterfaring frå vipemarker i Bergensregionen, på Jæren og på Öland i Sverige. Han har og arbeidd ved Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen og er for tida tilsett ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Grønstøl har publisert mange vitskapelege og populærvitskaplege artiklar i bøker og tidsskrift, og ein stor del av desse arbeida handlar om vipa.

| Bestillingsvare |

Produktnr: 9788269225709 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
BIBELBUTIKKEN SANDNES AS cookies-innstillinger
×
Vipa - Kamp og kurtise i kulturmarka
Vipa – Kamp og kurtise i kulturmarka

| Bestillingsvare |