Forfatter: Kjell Arild Pollestad
Utgivelsesdato: 24.09.2025
Forlag: Efrem forlag
Vareeier: Efrem forlag AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Format: Innbundet
Antall sider: 240
Vekt: 420 g
Størrelse: 19,8 x 13,7 x 1,9 cm
Div. info:
Til Jæren med pater Pollestad
Kjell Arild Pollestad
Kan leveres m/autograf!
399,00 kr
Denne boka er ei fotoillustrert tekstsamling med sjølvbiografisk linje som strekk seg frå forfattarens barndom og fram til i dag.
Endeleg på nynorsk! Ein «litterær jærsalat» frå Kjell Arild Pollestad.
«I 2010 flytte eg heim til Jæren etter over førti års omflakking, med mange år i utlandet, særleg i Frankrike, men også i Roma er eg etter kvart vorten heimekjend. Mange år budde eg og i Oslo, og ikkje minst i Tønsberg, der eg i åtte år var sokneprest. Men kor eg enn var i verda, måtte eg heim til Jæren så ofte det let seg gjera, og få har sete meir på Sørlandsbanen mellom Oslo og Bryne enn eg.
Om Jæren har eg gjennom åra skrive mykje, og no har eg som gamal mann sett saman ein litterær «jærsalat» av eigne tekstar frå mitt ljose fastland. Her finst og sumt som ikkje har vore utgjeve før, særleg nokre dikt som eg til tider har mora meg med å skriva når eg heller burde ha gått og lagt meg. På ein måte er alle tekstane nye, for alt eg har skrive på «sidemålet», kjem her på hjartespråket, på «målet hennar mor.»
Kjell Arild Pollestad (f. 1949) er katolsk prest i unåde. Som skrivande har han eit omfattande forfatterskap bak seg: Biografiar, muntre epistlar og ei rekkje litterære dagbøker. I dei seinare åra har han og arbeidd som omsetjar, mellom anna med nye omsetjingar av Snorres Norske kongesagaer og Homers Odysseen og Iliaden, og for ikkje å gløyma hans Bibel 2023. «Til Jæren med pater Pollestad» er hans fyrste utgjeving på nynorsk.
Ønsker du et signert eksemplar av boka og evnt. en personlig hilsen fra Kjell Arild må du skrive dette i «Ordrenotater»!
14 på lager
Flere kan skaffes.



