Forfatter: Rune Richardsen
Utgivelsesdato: 2009
Forlag: Efrem forlag
Vareeier: Efrem forlag AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Format: Spiral-heftet
Antall sider: 115
Vekt: 0,16 kg
Størrelse: 18 x 13,5 x 1,5 cm
Div. info:
Tidebøn – Daglege bøner frå Bibelen (NN)
Rune Richardsen
169,00 kr
Tidebøn har opphavet sitt i bønetidene frå den jødiske tradisjonen og vart vidareført av den tidlege kyrkja. Både Jesus og læresveinane bad dei gammaltestamentlege bønene frå Salmane. Apostelgjerningane, skriftet i Det nye testamentet som handlar om den fyrste kyrkjelyden, vitnar om korleis dei fyrste kristne, saman eller kvar for seg, bad til fastsette tider. Bønene er henta frå Bibelen. Å be Guds ord er tidlaust og slitesterkt. Her er vigd rom til heile spekteret av menneskelege kjensler og røynsler. Djupnene i Gud . og i oss sjølve . vert granska. Bøna for verda vert utvida. Den kristne einskapen vert gjort djupare. Når vi bed tidebøna, kjem vi ikkje berre i samband med den levande Gud, men òg med alt Guds folk over heile jorda som bed dei same bønene.
| Bestillingsvare |