Forfatter: Bård Eirik Hallesby Norheim
Utgivelsesdato/år: 2008
Utgiver/Forlag: Vigmostad & Bjørke AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 318
Format: Heftet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788251923255
Teologi for kristent ungdomsarbeid – Kan tru praktiserast?
Bård Eirik Hallesby Norheim
549,00 kr
Denne boka spør korleis trua som vert gitt i dåpen kan praktiserast og korleis svaret på det spørsmålet kan vera med å utvikla ein teologi for kristent ungdomsarbeid i vår tid. Forfattaren av boka hevdar at kristent ungdomsarbeid lever av ein teologi som alltid vender tilbake til dåpen, truslivets navle. Som alltid leitar etter å gjenoppdaga det store underet: At vi er fødde til å leva eit nytt liv i Kristus, eit liv forma av praksisar som gir oss del i det Gud vil gi oss: «Derfor skulle alle holde dåpen for å være en kledning som han går med hver dag. Han skulle alltid ha den på seg, så han kan leve i troen og dens frukter, dempe det gamle menneske og vokse i det nye menneske. For hvis vi vil være kristne, så må vi praktisere den gjerning som har gjort oss til kristne.» – Martin Luther i innleiinga til dåpen i Den Store Katekisma (1529) Bård Eirik Hallesby Norheim (født 1973) er prest og arbeider som stipendiat i praktisk teologi ved det teologiske Menighetsfakultet (MF) i Oslo. Norheim har arbeidd som barne- og ungdomsprest på Nordstrand i Oslo og vore misjonær i Estland, der han særleg arbeidde med ungdom. Norheim har også skrive artiklar og bøker om temaet ungdom og kyrkje.
Beskrivelse:
Korleis kan trua som vert gitt i dåpen praktiserast? Svaret på spørsmålet kan vera med å utvikla ein teologi for kristent ungdomsarbeid. Forfattaren hevdar at slikt arbeid lever av ein teologi som alltid vender tilbake til dåpen; sjølve utgangspunktet for truslivet. Har litteraturliste og register.
| Bestillingsvare |
Vekt | 0.61 kg |
---|---|
Dimensjoner | 24 × 17 × 2cm |