Forfatter: Edvard Hoem
Utgivelsesdato/år: 2014
Utgiver/Forlag: Forlaget Oktober AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 351
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788249514847
Slåttekar i himmelen – Familien fra Rekneslia 1 (Innbundet)
Edvard Hoem
379,00 kr
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra – stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
«Slåttekar i himmelen» er ein inspirert roman av forfattaren av Mors og fars historie. Det er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.
| Bestillingsvare |