Røter (dikt)


Aslaug Tidemann

Nyhet 2026


399,00 kr

Kva formar eit menneske?
Kva har du med deg frå dei som levde før deg?
Kva gjer oss til dei vi er?

«Røter» er ei varm, klok og sanseleg diktsamling om det vi ber med oss gjennom livet. Med livserfaren røyst diktar forfattaren fram det som ligg att i oss – i kropp, i minne og i det usagte mellom generasjonar. I boka møter vi bestemødrer som bakte lefser og studerte skrifta og bestefedrar som ikkje sløste med orda. I det usagte låg likevel ei visse, slik det heiter i diktet «Bestefar»:

bestefar elska oss
– og Jesus,
men han maste ikkje om det,
det var ikkje naudsynt,
me visste det

det låg eit ljos rundt bestefar
lenge etter at
ljoset hans slokna

Med kvass penn og klårt blikk leitar forfattaren etter spor av jenta som ein gong var, og menneska som bar henne fram. Vi ber alle fortida med oss. Kva vel vi å ta med oss vidare?

Aslaug Tidemann, f. 1944, er født og oppvaksen i Egersund og bur i dag i Enebakk i Akershus. Ho er utdanna innan journalistikk og informasjon og dreiv i fleire år lokalavis i Enebakk.
Tidemann har tidlegare gitt ut to diktsamlingar: Sang til sorgløse og Heim. I 2023 kom romanen Ved foten av regnbuen og i 2025 erindringsboka Perler og gnagesteiner. En kjærlighetssang til hjembyen.

7 på lager

Produktnummer: 9788293636809 Stikkord:
Cookies settings
Bibelbutikken AS cookies-innstillinger
×
Røter (dikt)
Røter (dikt)

7 på lager