Vekt | 0.66 kg |
---|---|
Dimensjoner | 24.1 × 16.7 × 2.4cm |
Religionshermeneutikk – Forståing i ei polarisert tid
Øystein Brekke
399,00 kr
Kva tyder det å ha kunnskap om religionar og livssyn i vår tid? Og kva følgjer har det spørsmålet for arbeid med religion, livssyn og etikk i skulen?
I boka Religionshermeneutikk blir lesaren invitert til å reflektera over religionar og livssyn i det offentlege rommet, religionsdidaktikk, skulefaglege grunnlagsproblem og kva det vil seia å ha kunnskapar om religionar og livssyn i våre dagar.
Eit viktig utgangspunkt for boka er fagfornyinga og nye læreplanar i skulefaga KRLE og Religion og etikk frå og med 2020. Boka tar tak i diskusjonen kring det nye faget og introduserer lesaren for relevante stemmer og perspektiv i debatten.
Religionshermeneutikk rettar seg mot studentar og andre fagfolk i religionsvitskap, teologi, RLE på lærarutdanningane og PPU, og andre med interesse for temaet religion og samfunn.
Forfattaren er professor i religion, livssyn og etikk ved OsloMet – storbyuniversitetet.
| Bestillingsvare |