Forfatter: Sverre Bungum
Utgivelsesdato/år: 22.09.2022
Utgiver/Forlag: Hammersland bok & musikk AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 110
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788293991014
Prost Johan Fritzner Greve og tida han levde i
Sverre Bungum
200,00 kr
Denne boka er Sverre Bungum sin hyllest til dei prestane som på 1800-talet med entusiasme og framtidstru arbeidde for at allmugen, dei fattige og underprivilegerte skulle løftast opp mot eit betre og verdigare liv. Og målet, så vel som middelet, var opplysning og kunnskap formidla gjennom skule og bibliotek, leseringar og foredrag.
Prosten Johan Fritzner Greve var på mange vis ein typisk representant for dei geistlege som gjekk i front og tok ansvar i det store nasjonale prosjektet. Samstundes var han fas- cinerande annleis enn prestar flest.
Forteljinga om Greve kan virke lokal, men den audmjuke og fromme presten var også ein viktig nasjonal aktør.
Greve var eit barn av si tid, samstundes som han var tidlaus.
På ein enkel og lettfatteleg – men kjeldetru måte – gir forfattaren oss innblikk i ei tid som dei fleste truleg berre vil ha ein vag kunnskap om, og det er god grunn til å tru at boka vil vekkja interesse ikkje berre i kyrkjelege miljø.
| Bestillingsvare |