Forfatter: Per Halse
Utgivelsesdato/år: 2016
Utgiver/Forlag: Det Norske Samlaget
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 472
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788252190021
Peter Hognestad – språkstrid og heilag fred
Per Halse
429,00 kr
Folkeleg kristenliv og kristeleg folkeliv.
Peter Hognestad (1866-1931) var biskop i Bjørgvin frå 1916 til 1931, etter at han hadde vore styrar ved Notodden lærerskole, bygdeungdomsprest i Kristiania og lærar ved Menighetsfakultetet. Bondesonen frå Jæren gjorde eit uvurderleg pionerarbeid for nynorsk bibel- og kyrkjespråk.
Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållagets «Fyrebilsbibel» frå 1921.
Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i både frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen.
2 på lager
Flere kan skaffes.