Ølen Kyrkje 150 år, 1874-2024


Anders Haugland

Nyhet 2024


390,00 kr

Historia til Ølen kyrkje er samla mellom to permar til jubileet i november 2024. Boka er utgitt av Ølen og Bjoa sokneråd med lokalhistorikar Anders Haugland som redaktør.

Dette er blitt ei flott gavebok på 236 sider, vakkert dekorert og med mange bilete – dei fleste i fargar. Boka inneheld eit rikt utval av ulike artiklar, skrivne av forfattarar med ulik bakgrunn og ståstad. Stoffet er delt inn i elleve hovudkapittel, som avspeglar ulike periodar – kvar med sine særdrag og utfordringar.

Her kan me finna mange spen­nande historier, om alt frå det heiden­ske gudehovet og stavkyrkja øvst på haugen til dagens kyrkje nede ved sjøen. Om eit sterkt bygdefolk i den tida kyrkja blei bygd, som protesterte mot både lensmann og prest. Om eit rikt barne- og ungdomsarbeid knytt til Ølen kyrkje frå 1970-talet og i fleire tiår. Og me får lesa om kvinner som frakta med seg rokken til foreinings­møte for misjonen si sak.

Boka gir eit tidsbilete av folk og kristenliv i Ølen og Vågen gjennom dei siste 150 åra.

Med seg i boknemnda har Anders Haugland hatt Kari Vik Stuhaug, Eva Møllerhaug, Leiv Karsten Medhaug, Nils Olav Østrem, Olav Granberg, Guri Ravatn og Torstein Haugen.

| Bestillingsvare |

Produktnr: 9788230364581 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
Bibelbutikken AS cookies-innstillinger
×
Ølen Kyrkje 150 år, 1874-2024
Ølen Kyrkje 150 år, 1874-2024

| Bestillingsvare |