Newmans usynlege verd (essay)


Arnfinn Haram

329,00 kr

I Newmans usynlege verd legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som da°.

Og kva er det vesentlege na°r vi snakkar om «den usynlege verda»? Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teologi meint a° skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar «den usynlege verda» seg med eller inn i den synlege?

Er den usynlege berre usynleg? Er den synlege berre synleg?

Sjølv om samtida endrar seg raskt – da° Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande – endrar ikkje det pa° tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Haram kallar va°r tid «ein modernitet i krise», noko som gjer det naudsynt a° vinna ny von til heile røyndomen.

Paul Otto Brunstad og Sta°le Johannes Kristiansen har gitt boka ei fyldig innleiing: «Haram lyfter fram ei forkynning som er nesten gløymd i va°r tid: at ogsa° englane er meir verkelege ved at dei er usynlege – dei ser oss, betraktar oss
og vernar oss. Haram har faktisk dedisert avhandlinga til sin eigen verneengel! Ba°de for Newman og Haram er engleteo- logien meir enn teoriar. Her kjem vi tett pa° eit anna samband som stikk djupt i Harams personlege lesing av Newman: relasjonen mellom englar, det usynlege og venskap.»

1 på lager
Flere kan skaffes.

Produktnr: 9788292922620 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
BIBELBUTIKKEN SANDNES AS cookies-innstillinger
×
Newmans usynlege verd (essay)
Newmans usynlege verd (essay)

1 på lager
Flere kan skaffes.