Forfatter: Gudleiv Bø
Utgivelsesdato/år: 2018
Utgiver/Forlag: Novus AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 179
Format: Heftet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788283900019
Jesus frå Jæren – Arne Garborgs kristendom
Gudleiv Bø
310,00 kr
I 1906 publiserte Arne Garborg den teologiske avhandlinga Jesus Messias. Dette er eitt av dei glømte verka til denne for.fattaren. Men hundre år seinare har ei rad framståande teologar komme fram til liknande resultat – trass i at dei har hatt meir av teologisk faghistorie å bygge på – og legg til grunn andre resonnement og andre metodar. Denne boka er ein analyse av Jesus Messias og ei drøfting av den i høve til forfattarskapen elles. I tillegg blir Jesus Messias jamført med teologiske synspunkt frå eit utval av teologar frå dei to siste hundreåra. Målet for diktaren var å skilje «Jesu lære» frå «kyrkja si lære om Jesus». Om seg sjølv sa Garborg at «religiøs er eg vel på min måte om eg ingen religion har». Men påstanden i denne boka er at Garborg har ein religion; og den religionen er nettopp Jesu lære – som står i motsetnad til kyrkja si lære om Jesus.
2 på lager
Flere kan skaffes.