Forfatter: Edvard Hoem
Utgivelsesdato/år: 20.11.2020
Utgiver/Forlag: Forlaget Oktober AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 350
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788249521425
Felemakaren – Familien fra Rekneslia 5 (Innbundet)
Edvard Hoem
399,00 kr
I romanen «Felemakaren» tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne som også er omtalt i romanen «Heimlandet barndom» (1985): Ei ung tenestejente som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.
Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar.
Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju døtrer.
«Felemakaren» er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve.
Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems slektskrønike.
2 på lager
Flere kan skaffes.