Det største i livet – dikt til nye foreldre


Kristin Hamran Storrusten

299,00 kr

Vakker gåvebok med dikt til foreldre

Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere den største gleda ein kan oppleve. Det kan også vere einsamt, rart, sjokkarta, utmattande og forunderleg. Eller alt på éin gong.

Denne boka er til deg som treng meir enn mat og blomar i barselgåve. Her finn du vakre, såre og lattervekkande dikt og korte tekstar som handlar om det å vere gravid og den første tida med det nye barnet – frå Halldis Moren Vesaas, Cathrine Grøndahl, Hans Børli, Gro Dahle, Helge Torvund, Marie Takvam, Arild Nyquist og mange andre.

Kristin Storrusten (f. 1986) er forfattar og journalist. Ho debuterte med diktsamlinga «Barsel» i 2017. Til dagleg jobbar ho i Aftenposten. Ho har to barn og er dotter av Ingunn Hamran.

Ingunn Hamran (f. 1957) er lærar i barneskolen og tidlegare forlagsredaktør. Ho har tre døtrer, to bonusbarn og ti barnebarn førebels.

3 på lager
Flere kan skaffes.

Produktnr: 9788234003844 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
BIBELBUTIKKEN SANDNES AS cookies-innstillinger
×
Det største i livet - dikt til nye foreldre
Det største i livet – dikt til nye foreldre

3 på lager
Flere kan skaffes.