Forfatter: Svanhild Olianna Nessa
Utgivelsesdato/år: 17.10.2023
Utgiver/Forlag: Skriveakademiet AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 402
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788293636373
Det fargerike åkledet – Ein historisk roman
Svanhild Olianna Nessa
429,00 kr
Året er 1850. Odelsguten Nils frå Nessa utanfor Stavanger er gift med Margrete og har seks born med henne. Tre ungar har døydd som spedborn. Det har fått Margrete til å gråta og Nils til å sørgja og grubla. Mot familien sin vilje bestemmer Nils seg for å fara til Amerika. Der kjem han i kontakt med folk frå mormonrørsla, og saman med dei dreg han heilt frå New York til Salt Lake City. Dei store og dramatiske hendingane Nils kjem ut for skal kome til å endre livet hans for alltid. Kva er det som får ein odelsgut til å forlate alt heime og reise til ei ukjend framtid i Amerika? Korleis skal Margrete klara seg? Vil ho finne tilbake til Faltin, som også ville ha henne? Og kva med Nils? Vil han nokon gong komme tilbake ?
«Det fargerike åkledet» er ein heilstøypt historisk roman, der rotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen. Det spennande plottet og levande språket gjer Svanhild Olianna Nessas bok til rein forteljarkunst.
Svanhild Olianna Nessa bur på Tau i Strand kommune. Ho har erfaring frå landbruk, bank, næringsutvikling og kultur – og ho har vore heiltidspolitikar på fylkesnivå i Rogaland. I mange år har Svanhild skrive dikt og små petitar for aviser. «Det fargerike åkledet» er debutromanen hennar.
6 på lager