Det er mykje meir på innsida


Kristin Straume Normann

229,00 kr

6. desember 2019 lanserte eg diktboka mi “Det er mykje meir på innsida”, gjeve ut på eige forlag. Boka innheld 60 korte dikt som famnar ulike kjensler og erfaringar mange møter gjennom livet, i eit enkelt språk, skrivne med mi handskrift. Det fyrste opplaget på 800 bøker er utseld, og nytt opplag på 800 kom i hus i slutten av januar 2020.

Tilbakemeldingane frå lesarane har vore mange og gode, frå kvinner og menn i alle aldrar. Fleire skriv at orda treffer dei rett i hjartet, og hjelper dei til å forstå seg sjølv og andre betre. Det er sterkt å høyra, og noko av det viktigaste for meg når eg skriv. Å setja ord på noko av det me menneske har inni oss, men gjerne ikkje snakkar om, og å gjera at folk kjenner seg mindre åleine.

| Bestillingsvare |

Produktnr: 9788269181807 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
BIBELBUTIKKEN SANDNES AS cookies-innstillinger
×
Det er mykje meir på innsida
Det er mykje meir på innsida

| Bestillingsvare |