Forfatter: Odd Eirik Færevåg
Utgivelsesdato/år: 14.08.2020
Utgiver/Forlag: Det Norske Samlaget
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider:
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788252199123
Den vesle jenta og havet – korte forteljingar frå Røvær 1899-2044
Odd Eirik Færevåg
349,00 kr
Å finne trøyst i litteraturen.
Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde.
Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han finn glede og trøyst i å lese. I dialog med litteraturen leiter han etter ei form til skildringa av det som skjedde. Mercedes av Ragnar Hovland opnar noko for han. Hemingway dukkar opp i form av ein katt som krev kald mjølk og gir skriveråd. Ein strandnellik held ein TED-talk om livet på fyret der ute. Tekst for tekst teiknar forfattaren eit portrett av ei øy og ein familie. Gjennom stilsikker sjangerleik og full av kjærleik heidrar han ei lita søster.
1 på lager
Flere kan skaffes.