Forfatter: Edvard Hoem
Utgivelsesdato: 2015
Forlag: Forlaget Oktober
Vareeier: Forlaget Oktober AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Format: Innbundet
Antall sider: 461
Vekt: 0,697 kg
Størrelse: 22,3 x 15,1 x 3,5 cm
Div. info:
Bror din på prærien – Familien fra Rekneslia 2 (Innbundet)
Edvard Hoem
379,00 kr
Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.
Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han.
Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp – slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde – og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta.
Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.
«Bror din på prærien» er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste «Slåttekar i himmelen».
| Bestillingsvare |