Forfatter: Arnfinn Nordbø
Utgivelsesdato: 2009
Forlag: Samlaget
Vareeier: Det Norske Samlaget
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Format: Innbundet
Antall sider: 199
Vekt: 0,32 kg
Størrelse: 21 x 13,7 x 1,9 cm
Div. info:
Betre død enn homofil?
Arnfinn Nordbø
429,00 kr
Arnfinn Nordbø kom ut av skapet som homofil i det norske bedehusmiljøet og skapte bølgjer ein ikkje skulle tru var muleg i våre dagar. Ved å fortelje sanninga, opplevde Nordbø eit stort offer: han mista ikkje bare det nære forholdet han hadde til familien sin, men også til omgangskretsen og heile det kristne miljøet han hadde vore ein del av. I denne boka fortel han historia si. Om å vekse opp i ein stor og trygg familie, om livet i menigheita, om forkynning, song og musikk. Men òg om skyldkjensle og sterk fordømming. Å stå fram som homofil i eit slikt miljø krev eit mot som få kan førestelle seg – blant tenkjemåtar og reaksjonar som for dei fleste er opprørande. Deretter begynner det møysommelege arbeidet med å byggje opp eit nytt sosialt liv, ei ny tru og ei framtid der fridom og kjærleik er muleg.
| Bestillingsvare |