Forfatter: Sylfest Lomheim
Utgivelsesdato/år: 2013
Utgiver/Forlag: Forente Forlag AS
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Bokmål/Nynorsk
Antall sider: 333
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788282650663
Adam og Eros – ord og uttrykk i bibel og mytologi
Sylfest Lomheim
399,00 kr
Adam og Eros er to ord som summerer opp dei to viktigaste linjene i den vestlege kulturhistoria ? den jødiskbaserte kristendommen og den greskbaserte myteverda. I røynda er vår vestlege kultur bygd på desse to sterke tradisjonane. Dei utgjer dei to rikaste kjeldene for språk og forestillingar i heile Europa. Vi i Vesten står på to sivilisasjonsbein, det eine er Bibelen, det andre er mytologi. Denne boka ønskjer å illustrera dette forholdet og fortelja historier om ord og uttrykk frå bibel og mytologi. Tekstane viser at mange av desse seiemåtane somer høgst levande i daglegtalen i vår tid, kan ha lange og spennande historier bak seg. Dei har djupe røter ned i det jordsmonnet Vesten har vakse fram på.
| Bestillingsvare |