Blome i Guds hage (notebok)


Sølvi Helén Hopland

398,00 kr

Sølvi Helen Aemmer Hopland er ein visekunsnar frå Vågsøy i Sogn og Fjordane. Ho har gjeve ut soloplater med eigne songar på dialektnær nynorsk, og vore «reisande i song» i fleire år.

Denne noteboka inneheld notar og tekstar til songane frå platene, samt illusrerande bilete og personlege kommentarar. Ho skriv om livet slik ho ser det, med fokus på tru og livsglede. Eit dikt av Haldis Reigstad er også med.
Boka blei utgitt på Gilead 2001

Forord av forfatteren:

Kjære deg
Du sit no med ei bok i hendene. Ikkje berre ei notebok, men like mykje ei slags dagbok. Songane har ofte starta i dagboka, som tankar rundt opplevingar, livsfaser og kjensler. Det er sårbart å legge sitt indre oppi hendene på framande på denne måten. Men eg får ha tillit til at det blir teke imot med respekt, og at denne sårbarheta gjer at songane mine kan røre ved andre… Eg håpar nokon kan verte glad for at eg vågde.

Songane i boka er blitt til gjennom ein periode på 16 år – frå 1985, då eg skreiv min fyrste song. Mange av songane starta med bønner, for andre som var i ei vanskeleg situasjon der eg skulle ønske eg kunne trøyste – eller for meg sjølv. Opp gjennom åra ha eg funne skattar i ein del bibelvers, og dei som har betydd mest for meg, har eg laga melodi til, slik at desse versa kunne bli oppdaga av andre, også.

I nokre tilfelle har eg følt det som om Gud nesten «kviskra»songane i øyret mitt, og eg kunne skriva på inspirasjon (sjølv om rimordboka er kjekk å ha). Då har både tekst og melodi kome raskt. Andre gonger er det meir «handverk», der eg jobbar lenge og vel med både tekst og melodi. Oftast er det teksten eg byrjar med.
Eg var så heldig at eg fekk vekse opp i ein kristen, sangglad og fargeglad familie, og i ein storslått natur. Trua på Gud som skapar og Jesus som frelsar har vore viktig for meg frå eg var lita. Trongen til å synge vaks fram allerede då, og har ikkje avteke med åra.
Eg ser på songen ogsongskrivinga som ei gåve eg har fått, og som eg skal forvalte etter beste evne. difor vil eg gjerne gje songane mine vidare. Det gleder meg viss du finn songar i denne boka som du får lyst å formidle vidare til andre.
Du vil sikkert ikkje like alle songane like godt, men eg håpar her er nokre ord og melodiar som kan bety noko spesielt for deg. Bileta eg har valt, håpar eg kan gje deg noko å grunde på, utover tekstane.

Der det er bibelvers som har inspirert meg, har eg henvist til dei slik at du kan finne dei.
Når det gjeld notane, har eg gjort det enklast mogeleg. Lytt difor til CD-platene for å få gangen i songane.
Ved offentleg bruk av desse songane skal det meldast frå til TONO, og innbetalast TONO-avgigft. Ved bearbeiding, oversetjing eller utgivelse må eg kontaktast for samtykke. Kopiering frå boka er forbode.

«..difor vil eg av heile mi sjel
syngja om deg
og aldri teia.
Eg takkar deg evig,
Herre, min Gud»

Salme 30,13

10 på lager
Flere kan skaffes.

Produktnr: 104049 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
BIBELBUTIKKEN SANDNES AS cookies-innstillinger
×
Blome i Guds hage
Blome i Guds hage (notebok)

10 på lager
Flere kan skaffes.