Forfatter: Sølvi Helén Hopland
Utgivelsesdato/år: 2021
Utgiver/Forlag: Ulvesund Fyr AS
Aldersgruppe: Voksne
Språk: Nynorsk
Antall sider: 209
Format: Innbundet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788269252002
Livsviktig – Om å ruste seg til reisa
Sølvi Helén Hopland
699,00 kr
Denne boka handlar om livet, gjennom gleder og sorger, frå vugge til grav. Den trengde seg fram den dagen mi gode veninne låg på operasjonsbordet for å fjerne ein nylig funnen kreftsvulst. Samtidig kjende eg på uroen rundt eit lokalt coronautbrudd. Det var ei sterk påminning om at det vi tek for gitt ikkje alltid er som vi var vane med. Vi kjem til/ å komme i situasjonar då vi treng kraft, lys og kvarandre. Eg måtte skrive. Dag og natt i to veker. Tok bilder utanfor hushjørna, fann fram illustrasjonar frå skuffa og minnet, avtalte med Thomas Hagen, 0g sette meg ned og gjorde layouten. Og no sit du her og les i boka! Der det er vilje, fins der alltid ein veg.
Skal vi på tur til fjells eller til sjøs, lærer vi å ta høgde for uvér, og ta med nødvendig utstyr. Endå meir treng vi å pakke lurt for livsreisa. På sjøen og i fjellet kan det brått blåse opp til storm. Det veit vi som held til like sør for Stadt. Også på livsreisa må vi iblant runde Stadt. Vi treng sjøkart og fyrlys, kart og kompass, nokon som veit kvar vi er og kan hjelpe oss når vi er i nød.
Dei fleste reiser har eit mål. Eg fokuserer på sjølve reisa, sidan målet i andre enden av livet er noko ingen av oss veit så mykje om, anna enn at dagane våre ein dag tek slutt. Eg meiner det er eit mål i seg sjølv å leve livet med mest mulig glede, og fylle vår plass her på jorda. Å gripe vårt «her og no» med begge hendene, og samtidig vere førebudd for livets «viss og når».
Kriser, sjukdom og død kjem alltid upassande, og vi likar ikkje å førebu oss på det verste. Vi skyv gjerne dei vanskelege samtalene framfor oss, til det kanskje blir for seint. Mange har fått tilleggssorger av å bere på det usagte, og mange problem har oppstått grunna det ein ikkje rakk å snakke om. Når nokon har det tøft, veit vi ofte ikkje korleis vi kan bidra og kva vi skal seie. Eg håpar du finn nyttige tips her, som kan styrke deg, også som medmenneske. Eg håpar at boka skal ligge i sekken din. Du kan sjå den som ei relativt ung enke sine reisetips, som ei handbok, som ein open buffet, eller som ei lita skattekiste. Forsyn deg med det du vil, når du eller nokon i flokken din treng det.
– Sølvi Helén Hopland
5 på lager
Flere kan skaffes.