Forfatter: Harboe, Heidi Strand
Utgivelsesdato/år: 14.11.2023
Utgiver/Forlag: Leif Christian Harboe
Aldersgruppe: Voksen
Språk: Nynorsk
Antall sider: 230
Format: Heftet
Bokserie:
ISBN/EAN: 9788293474128
Kjære mi tid
Harboe, Heidi Strand
319,00 kr
Dette gamle uttrykket blei ofte brukt når ein vart overraska over noko. Det har kanskje til og med ein litt negativ klang, eit eller anna har provosert fram eit mildt kraftuttrykk….
Heidi oppdaga plutseleg desse tre orda på ny. Hun tenkte at det å kjærteikna tida si og snakka fint til henne, det burde me gjera oftare. Tida er alltid akkurat nå. Til ei kvar tid er me på det einaste punktet i livet der me kan gjera noko med akkurat det sekundet me er inne i, før me pustar ut att, og tida har gått vidare.
At tida går er det sikkert fleire enn meg som har oppdaga. Det som skjedde for bare litt sidan kan visa seg å vera ti år tilbake i tid når me tenkjer nærare etter. I denne boka inviterer eg deg inn i mi tid, både den som har vore, den som er her medan du les dette, og den tida som skal koma. Her møter du tekster som handlar om barndom, klasserom, sorg, frykt, glede, den merkelege koronatida og årstider. Som eit anna gammalt uttrykk seier: Det er ei tid for alt.
Heidi Strand Harboe håpar boka vil inspirera til at du legg merke til tida di, og at du frå nå av snakkar vennleg til henne.
| Bestillingsvare |